Det kunne fort blitt ei draumeopning for Hødd sitt damelag. Alt etter to minutt fekk Vilde Hasund ein kjempesjanse, men motstandarens målvakt fekk til slutt avverga moglegheita. Etter ca. 25 minutt tok Hødd leiinga. Ei god gjennombrotsspasning frå Angelica Vattøy enda opp hos Åslaug Helvig, som knalla ballen nede i hjørnet åleine med keeper. Resten av omgongen var i grunnen eit stort gjesp. Hødd hadde ballen mest utan å skape det heilt store. I tillegg var det defensive spelet meget bra. Verdal skapte svært lite før pause. Det dei skapte kom etter dødballar.

Mykje rot og snuoperasjon

Det virka ikkje som om Hødd var heilt på hogget like etter pause. I løpet av to minutt snudde Verdal kampen. Først scora Maria Fiske åleine med keeper. Like etter sende Anna Bakenget gjestane i føringa etter eit godt skot frå rundt sekstenmeteren. Heldigvis svara Hødd kjapt. Anne Marie Hasund gjorde nesten alt sjølv då ho raida ned langs linja, rundlurte ein motspelar før ho sleppte ballen til Vilde Hasund. Vilde si avslutning blei redda, det blei ikkje returen frå Anne Marie. Med ca. 20 minutt igjen på klokka vart kampen snudd nok ein gong. Ingrid Måseide fekk kjempetreff og small ballen inn via stolpen, dermed 3-2 til heimelaget. Like etter scoringa blei Hødd igjen fråsprungne i forsvar, Maria Fiske var like sikker som tidlegare på dagen, dermed var laga igjen like langt. Like før slutt kom avgjerda. Ragnhild Ertesvåg slo ein god dødball som innbytar Caroline Overvåg stonga vakkert i mål til stor jubel for lagvenniner og publikum. Like etter var Overvåg nære igjen, men ei god redning gjorde att kampen enda 4-3 til Hødd.

Varierande

- Eg synes vi er altfor varierande i dag. I 1.omgang har vi full kontroll, men like etter pause følgjer vi ikkje med å slepp dei altfor enkelt inn i kampen, seier Ole Per Kragset.

Og legg til:

- Jentene skal også ha honnør. Det er tungt å kome tilbake etter å ha fått to i fleisen like etter pause, men med god moral og mykje ork gjekk det heldigvis bra til slutt.

Hødd har no fem sigrar og eitt tap på dei seks siste.

- Vi har vore inne i ein god periode no, med fire sigrar på rad før vi fekk oss ei storslye mot Trondheims-Ørn II. Det er viktig å ta full pott mot dei venteleg dårlegare laga, slik som mot Verdal og Clausenengen som vi møter neste helg, avsluttar Ole Per Kragset.

Kampfakta2.divisjon kvinner avd. 6Hødd- Verdal 4-3 (1-0)Høddvoll kunstgrasTilskodarar: 15Mål: 1-0 Åslaug Helvig (25), 1-1 Maria Fiske (50), 1-2 Anna Bakkenget (51), 2-2 Anne Marie Hasund (55), 3-2 Ingrid Måseide (70), 3-3 Maria Fiske (75), 4-3  Caroline Overvåg, (86)Dommar: Kristian Standal, Rollon- 4Gule kort: IngenHødd: Amalie Brandal Kragset - Ingrid Måseide, Benedicte Nevstad, Silje Holstad, Anne Marie Skaar Hasund (Martine Almestad Hauge 80) - Angelica Vattøy (Caroline Overvåg 75), Ragnhild Ertesvåg, Mari Heggen, Vilde Hasund, Ellen Nerland Aahjem- Åslaug Helvig

*** Anne Marie Skaar Hasund** Angelica Vattøy* Ingrid Måseide