15 av dei mest ihuga medlemmene i supporterklubben Blåsarane reiser komande helg til Alta for å få med seg førstedivisjonskampen mellom Alta og Hødd  søndag ettermiddag. Blåsarane reknar med 60 timar effektiv køyring fordelt på tre sjåførar.

I følgje Hødd sine heimesider er det framleis plass om nokon har lyst til å slenge seg med i siste liten.

- Det er berre å ta kontakt med meg eller Antoni Knotten, seier styreleiar i Blåsarane, Hans Christian Ødegård.

Både reise og hotell er gratis for dei som er medlem i supporterklubben. For andre vert det ein liten eigenandel å betale.

Avreisa er frå rutebilstasjonen i Ulsteinvik fredag klokka 14.00. Blåsarane reknar med å vere framme rundt klokka 21 laurdagskvelden.

Dersom alt går som planlagt er supporterbussen tilbake i Uslteinvik natt til tysdag, etter omtrent 3280 kilometer og 60 timar på vegen.