Det gjeld norgesmeistrar på herresida, og slik vi fostår det gjer alfabetet at nettopp Aursnes fekk denne æra.
Vi møtte ein stressa 16-åring like etter cupfinalebanketten på Ullevaal.
- Å bli norgesmeister er mest uverkeleg, men mest gøy. No er eg sliten, men det er også veldig gøy, smiler Aursnes.
- Kva skjer no?
- Eg skal setje meg på flyet og få meg noko mat.
- Korleis blir feiringa for ein "underårig"?
- Veldig roleg. Eg skal jo på skule klokka 08.25 måndag morgon. Heilt sikkert, varslar Fredrik Aursnes.
PS: Ifølgje Smp.no er Aursnes også den yngste som har vunne NM-gull på herresida nokon gong.