Det er spelselskapet Unibet som har sett opp ei liste over kva ord kong Harald kan kome til å nemne i årets nyttårstale.
"Hødd" er eitt av orda på lista, og ifølgje selskapet er ikkje namnet på fotballaget frå Ulsteinvik det mest usannsynlege ordet som kan kome frå Kongens munn nyttårsaftan. Du får tilbake 10 gongar innsatsen om du set pengane på Hødd.
Den relativt låge oddsen har naturlegvis samanheng med at Hødd kunne løfte kongepokalen etter at dei vart sensasjonelle Norgesmeistrar i fotball 25. november.
Spelselskapet trur "hverandre" er det mest sannsynlege ordet i nyttårstalen. Du får tilbake berre 1,02 gongar innsatsen om du gamblar på dette ordet. Andre sannsynlege ord er "barn", "Norge" og "ansvar".
Dei minst sannsynlege orda og uttrykka du kan spele på er "poker" og "Carl I. Hagen", begge gir 500 gongar innsatsen i premie om Kongen nemner dei.