Ein bulbkjøl er svært effektiv, men det er ikkje så lurt å prøve å kutte svingen gjennom ein tareskog med ein slik under båten.

Gjengen om bord i "Runa Regine" fekk ei hektisk stund nord om Hatløya sist onsdag. Dei kom seg fri etter nokre minutt, men mannskapet tvilte litt på skipperen sin påstand om at dei hadde tapt like mykje ved å slå seg vekk nordover. Han gav seg likevel då det viste seg at båten drog med seg ei svær tangvase eit par hundre meter.

Elles vart denne onsdagen utan dramatikk. Litt hektisk med mange vikepliktsituasjonar etter start, men alle kom seg etter kvart greitt i sving i ein lett og nordleg bris. Kryssen frå Ryssholmen mot Hamnholmen vart som sist litt spennande, og endå ein gong lønte det seg litt å halde seg nær Ulsteinlandet nordover. Men ikkje like mykje som sist onsdag. Vinden var litt meir nordleg, og dermed kunne også alle bruke spinnaker/ gennaker frå Hamnholmen til Torvikholmen. I den lette vinden vart dette ein kjempefordel for dei minste båtane, og Runa Regine på 800 kg med stor gennaker (asymmetrisk spinnaker frå baugspryd) kunne rette opp flausen ved Hatløya.

RESULTATLISTE:

1.Runa RegineHarald Notøy1.43.18
2.AnnaArnkjell Brandal1.50.58
3.SkjoldLeif H. Scheide1.52.24
4.Draumen IIBjørn Walaunet1.54.21
5.SagaPaul Reite1.55.20
6.DrambuoyTormod Hegvik1.58.32
7.Alda IIIMartinus Ytrebø1.59.43
8.Candela IIKnut H. Skeide1.59.58
9.Opus IIIKristian Skeide2.01.53
10.HypocampeFrode Hofseth2.06.13
11.NN (F-18 kat)Karl Randle2.11.38
12.BarbarellaLiev O. Karlsen2.20.14