Tidlegare denne veka tapte Haddal borte 1-0 mot MIL/GIL i sin siste kamp for våren.

Hareid2/Hjørungavåg reiste til Kvamsøya laurdag og vann 5-0 der etter mål av Christer Adrian Mork (2), Fredrik Andresen, Arthur Hareide og Hazhir Alipoor. Stillinga til pause var 0-2. Ifølgje Hareid IL si nettside var høgreback Kristian Myklebust bortelagets beste spelar. Sigeren skal ha vore høgst fortent etter stor dominans gjennom heile kampen.

I første del av sesongen har HIL2/HIL tatt 13 poeng og ligg på andreplass, medan Haddal står med ni poeng. Tjørvåg har tatt 19 poeng og må gå på ein liten sprekk om dei ikkje skal vinne 6.-divisjon Søre.

Tabellen.