August månad er godt kjent som den tida då det oppstår mange rykte om fotballspelarar som skal anten seljast eller kjøpast.
Perioden vert ofte referert til "silly season", grunna alle rykta som florerer i ulike medium.
I den austlege delen av Europa er det derimot andre hendingar som stel overskriftene denne sommaren.
I fokus
Tysdag skreiv The Guardian om dei ulike kontroversane som går føre seg i austeuropeisk fotball. Blant desse kontroversane er også Hødd nemnd, som ei følgje av at Akeem Latifu og Sivert Heltne Nilsen fekk avslag på visuma sine til returoppgjeret mot FC Aktobe i Europaligaen.
Den engelske avisa nemner også at det ikkje berre var Hødd som fekk avslag på visum, ettersom den slovakiske dommartrioen som eigentleg skulle dømme kampen ikkje fekk godkjent søknadene sine.
Dette gjorde at UEFA måtte hente inn ein tyrkisk dommartrio i staden.
Meir dommartrøbbel
Også i Ukraina har det vore dommartrøbbel. I helgas rivaloppgjer mellom Shaktar Donetsk og Dynamo Kyiv vart det reist spørsmål ved "ei handfull avgjersler" av dommaren, skriv avisa.
Spesielt i tankane var beinbrotstaklinga på Dymano Kyivs Andriy Yarmolenko, der syndaren slapp unna eit raudt kort.
I Russland og Bulgaria er det også kontroversar å henge seg opp i.
Sjølv om CSKA Sofia vart redda frå å gå konkurs førre månad, viser det seg at dei best betalte spelarane i klubben ligg på €7.5000 pr/mnd, medan hovudtrenaren har ei løn på €10.000 pr/mnd. Gjennomsnittleg brutto månadsløn i Bulgaria er i overkant av €300.
Også oppseiinga av Igor Denisovs kontrakt i den russiske klubben Anzji vekka oppsikt. Deninsov har i det siste trena for seg sjølv for å kunne vere i form til Russlands VM-kvalik, ifølgje The Guardian.