– Vi hadde to hovudmål denne kampen. Det første var å levere det vi er gode for per no, og det synest eg vi klarer mot eit godt lag. Eg er nøgd med viljen, gutsen og innstillinga vi viste i dag. Det andre målet var å vinne kampen, og det klart vi dessverre ikkje, oppsummerte Hødd-trenar Kenneth Moldskred.

Molde kom med landslagsspelarar i alle ledd, inkludert karar som har spelt Tippeliga i år og Europa League i fjor haust. Det var altså inga lett trekning Hødd hadde fått i denne runden.

Få sjansar

I 1. omgang var Molde eitt hakk betre enn heimelaget. Men på eit noko humpete underlag skapte ingen av laga spesielt mange sjansar. Den første gode moglegheita fekk Hødd etter 21 minutt. Etter eit hjørnespark heada Pål Skeide mot Molde-buret, men uheldigvis trefte han ryggen til ein medspelar. Tre minutt seinare gjekk Molde opp i 1–0. Andreas Hollingen sette ein retur høgt og hardt i mål frå om lag 16 meter. Molde kunne ha auka leiinga etter 35 minutt, men Morten Wenaas fekk ikkje avslutta skikkeleg frå god posisjon.

Utlikning

Hødd tok over initiativet etter pause og utlikna etter 51 minutt. Molde-keeper Negdson Da Silva boksa ballen i feil retning etter ein corner. Mathias Grimstad kunne enkelt trille ballen over mållinja frå kort hald. Like etter brente Moldes Espen Outlen ei fin moglegheit. Same mann skaut også like utanfor etter 68 minutt. I mellomtida hadde Hødd ein god sjanse då Henrik Grimstad la inn frå venstre etter ei kontring, men ingen av dei blåkledde fekk avslutta skikkeleg i boksen.

God Alme-redning

Hødd hadde initiativet til omgangen var vel halvvegs. Så sette Molde inn ein offensiv. Etter 73 minutt varta Ole Monrad Alme opp med ei kjemperedning då Andreas Hollingen lada kanonen frå 18 meter. I det 74. og 76. minutt var bortelaget farleg frampå på to hjørnespark. Ved begge høva fekk Hødd klarert i siste liten.

Var ballen ute?

Mot slutten av kampen bølgja det fram og tilbake. Begge laga hadde sine angrep, men det var Molde sine forsøk som var farlegast. Både 1–2 etter 80 minutt og 1–3 fem minutt seinare kom etter angrep på bortelaget si venstreside. Nokre meinte ballen var over dødlinja før 1-2. Vikebladet Vestposten stod for langt unna til å ha ei meining om det. Uansett scora høvesvis Sebastian Berge og Sander Svendsen frå kort hald etter innlegg frå sida. Molde vann 3–1 og tok seg dermed til 3. runde.

– Kampen kunne ha bikka begge vegar. Vi kunne ha gått opp i 2-1, og kanskje var ballen ute før Molde fekk 2–1. Men greitt nok. Vi fekk testa oss mot ein god motstandar, seier Kenneth Moldskred.

Kampfakta

NM G19, 2. runde

Hødd – Molde 1–3 (0-1)

Høddvoll gras 1

Tilskodarar: Opp mot 100 på det meste

Mål: 0–1 Hollingen (24), 1–1 M. Grimstad (51), 1–2 Berge (80), 1–3 Svendsen (85)

Dommar: Øystein Ytterland, IL Valder – OK

Gule kort: M. Grimstad, H. Grimstad, Hjorthaug (Hødd), Hestad (Molde)

Hødd (4-3-3): Ole Monrad Alme – Torvald Ringstad, Eirik Bringsvor, Mathias Grimstad, Alexander Eksund (Benjamin Mork Kleppe 63) – Henrik Grimstad, Pål Skeide (K) (Eirik Sundgot Kristiansen 86), Henrik Gjengår – Markus Hjorthaug (Håkon Orten Trovåg 77), Mats Øvrebotten, Nils-Erik Engen.

*** Henrik Gjengår

** Eirik Bringsvor

* Ole Monrad Alme

PS. Hødd spelar ny juniorkamp allereie i morgon. Motstandar på heimebane i 1.-divisjon er Stordal. Tysdag spelar Hødd 2 heime mot Stranda i 3.-divisjon.

Hødds Henrik Grimstad i duell med Sander Svendsen, som seinast sist veke spelte a-fotball for Molde.