Hødd kunne fått ein kanonstart på kampen då Robin Hjelmeseth serverte Espen Standal på kort hald. Dessverre redda den solide Bergsøy-keeperen. Utanom dette skjedde det svært lite i innleiinga av kampen. Pasningane var unøyaktige hos begge lag, noko som førte til lite rytme i angrepa. Like før halvtimen var spelt gikk Hødd i føringa. Bergsøy-forsvaret bomma på eit innlegg frå Espen Standal. Det gjorde ikkje Hjelmeseth, som dunka ballen fint i mål nede ved stolperota. Like før pause la Benjamin Mork Kleppe på til 0-2. Igjen gjekk eit innlegg gjennom vertane sitt forsvar. Kleppe fekk fatt i ballen og drog av eit par mann før han banka han opp i krysset. Vakkert! Bergsøy skapte berre éin stor sjanse i 1. omgang, men dobbeltsjansen vart redda på streken.

Overkøyring

Andreomgangen var knapt i gang då Hødd drap kampen. Innbytar Sondre Beite vart vakker spelt igjennom av Kleppe og gjorde alt rett åleine med keeper. Dermed 0-3. Etter timen spelt var Hjelmeseth frampå og auka til 0-4 etter eit vakkert skot i vinkelen. Like etter denne scoringa var Bergsøy litt meir med, utan å sette keeper Alme på dei heilt store prøvane. Om lag femten minutt før slutt var Hjelmeseth på farta igjen. Han blei riven ned og fekk tildelt straffe. Kleppe var sikkerheita sjølv frå straffemerket og sette dermed lagets femte scoring i nota. Etter 78 minutt reduserte Jose Peralta til 1-5, før Hjelmeseth fastsette sluttresultatet til 1-6 inne i overtida.

- Kjapt i lengderetninga

- I dag er eg veldig fornøgd og stolt over det vi presterte, seier Hødd2 -trenar Kenneth Moldskred til Vikebladet Vestposten.

Og held fram:

- Det er mange gode pasningsval, vi kjem etter med heile laget og ballen går kjapt i lengderetninga. Når nøyaktigheita er så stor som i dag, heile laget tenkjer offensivt og vi har gode enkeltspelarar framfor mål - ja då er vi rett og slett vanskelege å stoppe, avsluttar Moldskred.

Kampfakta

3.-divisjon avdeling 8

Bergsøy- Hødd 2.-lag 1-6 (0-2)

Havila stadion

Tilskodarar: 100

Mål: 0-1 Hjelmeseth (27), 0-2 Kleppe (44), 0-3 Beite (46), 0-4 Hjelmeseth (60), 0-5 Mork Kleppe (76), 1-5 Peralta (78), 1-6 Hjelmeseth (90)

Dommar: Bjørn Bakkom, Åmdal -5

Gule kort: Hjelmeseth, Hødd. Haugen og Kurseth, Bergsøy

Hødd: Ole Monrad Alme - Torvald Ringstad, Audun Øvrelid, Mathias Grimstad, Aleksander Eksund (Daniel Haanes 46)- Martin Mork Breivik (Eirik Kristiansen 20), Henrik Grimstad, Bendik Rise - Espen Standal (Sondre Beite 37), Robin Hjelmeseth, Benjamin Mork Kleppe

*** Robin Hjelmeseth

** Benjamin Mork Kleppe

* Bendik Rise

PS. I ein annan 3.-divisjonskamp i kveld vann Aalesund II 1-0 borte mot Spjelkavik.