Bergsøy-trenar Toni Sandanger har skrive ny trenar-kontrakt med Bergsøy Fotball sitt A-lag ut 2017, skriv lokalavisa Vestlandsnytt.

I tillegg til å trene 4.- divisjonslaget skal han også vere sportsleg leiar i klubben, hovudansvarleg for klubben sitt akademi og også vere leiar for barnefotballen i aldersgruppene frå seks til tolv år.

- Publikumsvennlege lokaloppgjer

Sandanger tok over som Bergsøy-trenar like før sommarferien, etter Lars Petter Rønnestad, men lukkast ikkje med å berge klubben frå nedrykk til 4. divisjon. Etter lenge å ha lukta på «topp fire», som hadde sikra ny kontrakt i 3.-divisjon, hamna Bergsøy til slutt på 8.-plass på tabellen, også bak naboane Hødd 2 og Volda.

– Alt ligg til rette for ein svært interessant sesong med stort sett berre prestisjefylte og publikumsvennlege lokaloppgjer, slik det var for nokre sesongar sidan. Lokale kampar mot lag som LGFK, Hødd2, Volda, Hareid, Langevåg og Skarbøvik vil garantert ha ein langt større appell for publikum enn å spele mot lag som til dømes Surnadal og Fjørå, uttaler Sandanger.

Bergsøy opnar med eit skikkeleg lokalderby mot Hødd 2 på Havila stadion allereie i første serierunde, og avsluttar sesongen med eit prestisjefylt oppgjer mot Larsnes/Gursken langt ut i oktober.