Hødd sitt J19-lag tok i mot Molde til førsterundekamp i NM på Høddvoll laurdag.

Det tok ikkje lang tid før Ragnhild Ertesvåg scora kampen sitt første mål for Hødd, men Hanna Lyche utlikna etter 12 minutt for Molde.

Første omgangen bølga fram og tilbake utan dei mange sjansane, men Angelica Vattøy tok vare på to av sjansane ho kom til og Hødd gjekk til pause med leiinga 3-1.

I andre omgang opna spelet seg meir opp og Hødd tok nesten fullstendig over. Eit nytt mål av Angelica Vattøy etter 53 minutt sikra hattricket, medan Ragnhild Ertesvåg fekk æra av å setje inn det siste målet for dagen på straffe, etter at Miriam Tvedt vart felt innanfor 16-meteren.