Marius Rise

Han spelar for tida i Lokomotiv Oslo, men skal vere heime nokre månadar før han flyttar til Spania til hausten. Dermed får Hareid sårt tiltrengt dekning på midstopparplass, sidan Eiliv-Tore Howlid er langtidsskadd og André Egset Nupen flyttar til Bergen etter sommaren.

Marius burde vere eit kjent fjes for dei fleste som kjenner Hareid-fotballen. 1981-modellen var eit fast innslag i forsvaret frå 1999 til 2006. I 2005 vart han også kåra til årets Hareid-spelar.

I 2007 skulle Rise ha seg eit pauseår frå fotballen, men ut på sommaren vart han lei av sofatilveret og gjorde comeback. Det vart nokre kampar på han hausten 2007 og vinteren 2008 - men så flytta han til Oslo.

På Lokomotiv Oslo har han vore fast stoppar sidan den gong, og ifølgje våre kjelder gjort sine saker meget bra. Rise har 182 Hareid-kampar og seks mål. Det formelle rundt overgangen er ikkje ordna endå, men etter det Hareid-sida erfarer har kasserar i fotballgruppa Vagn Scheide Mork full kontroll på situasjonen.