Foto: Andreas K. Rasmussen

Laurdag vil Røde Kors-dagen bli markert over heile landet. Med slagordet ”Gi håpet en hjelpende hånd” oppfordrar leiar i Ulstein Røde Kors Hjelpekorps, Jon Oli Arnason, Hødd-publikummet om å ta med seg litt ekstra å gi på laurdag. Hødd spelar sin fjerde seriekamp for året mot Levanger, og jaktar viktige poeng i kampen om opprykk. Og medan seniorane spelar kamp på grasmatta vil den yngre avdelinga bere bøsser rundt blant publikum på stadion. Røde Kors har ikkje ei spesiell sak vald ut som formål for innsamlinga, men Arnason kan informere om at like mykje vil gå til lokale formål som internasjonale.

- Midla vil bli delt mellom det internasjonale Røde Kors-fondet og lokale formål. For oss er dette svært kjærkomne middel som vil bli brukt til å iverksette tiltak for lokalbefolkninga, seier Arnason og peikar på oppkøyring av løyper som døme på kva Røde Kors kan bidra med lokalt.

– I tillegg vil vi framover satse på ei ungdomsavdeling, held han fram.

Røde Kors håper på om lag 50 kroner frå kvar person på landsbasis.

– Men folk må få gi etter evne, smiler Arnason

Dei internasjonale midla vil bli brukt til å styrke Røde Kors sin kriseberedskap rundt om i verda. Når katastrofar oppstår er Røde Kors alltid blant dei første til å yte hjelp, dei innsamla midla vil derfor bli sett i ein pott til bruk under internasjonale kriser.

Pauseritt

På laurdag skal også Ulstein Sykkelklubb til pers. Syklistane har hatt særs stor vekst siste tida og står for pauseunderhaldninga på Høddvoll. I tillegg har dei ei overrasking på lur.

– Vi kjem til å annonsere kven medlem nummer 100 er, og det er kun eg som veit, ler Aud Janne Hatlebakk, leiar for Ulstein og Omegn Sykkelklubb.

I pausen vil dei òg underhalde publikum med eit rundbaneritt der juniorane i klubben vil sykle om kapp rundt løpebana på stadion.

Kampen startar klokka 1600 på laurdag, og både Hødd, UOS og Røde Kors oppmodar alle om å ta turen for å støtte lokalmiljøet på Sunnmøre.