Karsten Warholm sette ny norsk aldersrekord i går kveld.

14 år gamle Karsten løp 300 m hekk på den sterke tida 41,87 sek som gir heile 1130 Tyrvingpoeng. Den gamle rekorden var på 41,95 sek. og vart sett i 2008 av Markus Lofthus frå Osterøy IL. Karsten deltok også i tresteg denne kvelden. Også her blei det personleg rekord med resultatet 12,09 m – eit resultat som gir 1009 Tyrvingpoeng.

Karsten som har hatt ein sterk haustsesong med bl.a. fleire pallplassar under NCC lekene i Stjørdal.

Det vart også sett ein aldersrekord for Møre og Romsdal under stemnet. Det gjorde 12 år gamle Kristina Thunem frå Fiskå IL i kule. Ho støtte 2 kilos kula 10,86 m som i tillegg til aldersrekord også gir henne 1019 Tyrvingpoeng.

Vi må også nemne Marthe Mjøen Berg, Dimna IL som forbetra sin 200m hekk pers til tida 30,55 sek.(972 Tyrvingpoeng) og er eit viktig resultat for Dimna IL sitt damelag i landsserien. Her kjemper Dimna IL om å behalde plassen i 2. divisjon.