Frå Søre Sunnmøre er elles ørstingen Christoffer Bjerkenes, voldingane Isak Skjærset og Markus Hjorhaug - og Aina Kvamme frå Kvamsøy og Andrea Rødseth frå Gurskøy uttekne. Team Møre er ei samling av dei beste fotballspelarane i fylket av 1994-årgangen. Troppene, som kvar er på 23 spelarar, blir finsikta og slanka til 18 spelarar etter nyttår. Både gute- og jentetroppa skal ha fire heimeverande reservar pluss heimeverande reservekeeper. Før avreise til England blir det avvikla ein intern treningskamp, melder Sunnmøre fotballkrets. Englandsopphaldet blir på Lillyshall sportssenter i Midt-England. Team Møre-deltakarane skal også besøke eit Premier League-oppgjer før dei reiser heim. Her er dei uttekne troppene: GUTAR: Keeperar: Christopper Standal, Herd Tomas Røkke, Træff Thomas M. Ulvund, Sunndal Utespelarar: Christoffer Bjerkenes, Ørsta Jonas Godø, Kårvåg/Havørn Daniel Røsok, Molde Pål Hofset Skeide, Hødd Thomas Skog Martinussen (95), Langevåg Marius Ødegård, Herd Eirik Høivik, Skodje Adam Sellami Honningsvåg, Aafk Ivar Furu, Sunndal Ruben Vågen, Molde Ola Andersen, Træff Andreas Hollingen, Molde Oliver Hollingsæter, Aafk Hans Skovly, Blindheim Isak Skjærset, Volda Markus Hjorthaug, Volda Jonas Nakken Bolstad, Sunndal Espen Outzen, Molde Torbjørn Grytten (95), Nordborg Andreas Kvam, Aafk JENTER: Keeperar: Aina Kvamme, Kvamsøy Miriam Myklebust Gjesdal, Blindheim Mari J. Johansen, Sunndal Utespelarar: Emilie Endresen, Blindheim Annika Brandal, Hareid Maja Tungehaug, Bud Kristine Furø, Molde Johanne Smenes, Kårvåg/Havørn Andrea Rødseth, Gurskøy Marte Engum, Sunndal Charlotte Haanes, Hødd Celine Rødal, Blindheim Birthe Anett Rekkedal, Spjelkavik Guro Reiten, Sunndal Jenny Flatmo, Malmefjorden Margrete Pedersen, Gossen Elin Gjerde, Ravn Lea Eidså, Blindheim Josefine Ervik, Blindheim Ragnhild Ertesvåg, Hødd Trine Hauge, Dahle Mathea Gjeitnes, Skåla Helene Kjersem, Bryn Troppene vart uttekne på grunnlag av bylagsturneringa i Sunnmørshallen sist helg - og elles etter treningssamlingar og bylagskampar i haust.