Sindre Breivik oppmodar vedkomande som har teke koplingsfestet til å melde seg. (arkivfoto) Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Hareidsmyrane kunstgrasbane har ståande brøyteutstyr til anlegget inne på kunstgrasbana. Ein gong mellom nyttår og måndag har nokon teke seg til rette og stole koplingsfestet til det største skjæret deira, som er eit 3,6 m skjær med venger av type Vestbjørn. Koplinga, eller A-rammefestet er spesialprodusert for skjæret deira og lett å kjenne igjen, uansett kvar det måtte vere på Sunnmøre. Koplinga passer også til skjær og snøfres av typen Tokvam.

Spesialprodusert

Koplingsfestet er spesialprodusert av Felleskjøpet. Det kan ta lang tid å skaffe eit nytt, alt frå to-tre veker til fleire månader.

Såleis kan det få store konsekvensar for idrettslaget om ikkje koplingsfestet dukkar opp igjen.

Etterlyser først

Driftsleiar ved Hareidsmyrane kunstgrasbane, Sindre Breivik, seier at dei i første omgang etterlyser koplingsfestet og håper det dukkar opp på det viset.

Om det ikkje skjer noko, kan det bli aktuelt å melde tjuveriet til politiet.

Hareid kommune og Hareids Idrettslag er informert i saka, og vil over tid kontrollere alle med denne typen utstyr i tida som kjem, om ikkje utstyret kjem til rette sjølv.

Breivik ber vedkomande som har teke utstyret om å melde seg snarast råd.