Hødd var nære på ved å pirke inn 1-0 etter 12 minutt. Rita-Kristin Rise er nærast, medan Veronica Mork og Ragnhild Ertesvåg står like bak. Foto: Per Werkland

Kampen starta jamt, og Hødd var nære på ved å ta leiinga tidleg i kampen på ein corner, men Lyn redda på streken.Utover i første omgang fekk bortelaget Lyn, som var førehandsfavoritt, eit overtak. Oslo-jentene var best i duellspelet, og etter 29 minutt kom 0-1.

Marianne Alderin fekk tak i ballen etter litt rot utanfor Hødd sin 16-meter, og frå 30 meter duppa ho ballen vakkert over Hødd-keeper Aina Eid Kvamme til 0-1. Lyn heldt oppe presset, og etter 38 minutt kom 0-2. Maren Hauge blei spelt gjennom, og åleine med keeper gjorde ho ingen feil.

I andre omgang var det jamnare, men det var framleis Lyn som kom til dei største sjansane. Ti minutt ut i omgangen bomma bortelaget på straffe, og etter det var det ikkje alt for mange enorme sjansar å nemne. Det enda 0-2, og Lyn, som også vann i fjor, tok fortent ein ny NM-siger.

Vi kjem tilbake med video og intervju.