Vi møtte Erik Sandal på Rolls-Royce si avdeling på Hjørungavåg tysdag. Trass i at det berre var fem dagar til cupfinalen hadde Sandal ein normal arbeidsdag. Han skal også på jobb torsdag før turen går vidare til Oslo fredag ettermiddag.

– Her trivest eg godt. Eg jobbar saman med kjekke folk i eit bra miljø. Mange her er jo også interesserte i fotball. Eg liker meg godt i den maritime næringa, og dermed er denne arbeidsplassen perfekt. Eg lærer noko nytt kvar dag, fortel nordfjordingen.

Fleksibel ordning

Yrkestittelen er ”Document Quality Controller”. Det betyr mykje papirarbeid, men Erik synest det er midt i blinken å ha noko anna enn fotball å tenke på.

– Eg har ei 50 % stilling her, og synest det er herleg å ha ei fleksibel ordning. I utgangspunktet jobbar eg tysdagar, torsdagar og fredagar, men dukkar det opp ein midtvekekamp godtek arbeidsgjevaren min det, smiler Erik.

Variert arbeidserfaring

Då han kom til Ulsteinvik og Hødd framfor 2005-sesongen jobba han 80 % som forskalingssnikkar på Ulstein Betong, noko som kanskje vart i meste laget med tanke på å samle energi til treningar og kampar. Vidare var Erik vaktmeister på Høddvoll i 2006 før han hamna på Hjørungavåg-bedrifta Odim, som seinare har blitt kjøpt av Rolls-Royce og skifta namn. Tatt i betraktning at Erik jobba med fiskeoppdrett heime i Vågsøy etter vidaregåande skulegang har han vore innom mykje forskjellig i arbeidslivet.

– Skuffa om vi taper

Det same kan vi seie om fotballkarrieren hans. Erik spelte 3. og 4.-divisjonsfotball for moderklubben Skavøypoll fram til og med 2004. 29-åringen har deretter spelt åtte sesongar i Hødd, flest av alle i dagens stall. I løpet av desse åra har han vore med på to nedrykk frå nivå to og to opprykk frå nivå tre. Det har svinga. Men på tampen av Eriks åttande sesong kjem endeleg høgdepunktet; cupfinale på Ullevål.

– Det blir eit høgdepunkt eg alltid vil minnest. Cupfinalen har stolte tradisjonar. Det blir ein folkefest og ei stor oppleving. Så er det opp til oss å gjere jobben på bana. Vi går for å vinne kampen. Uansett kven vi møter, så er det alltid skuffande å tape. Og når vi først har komme så langt så vil vi helst gå heile vegen, seier Hødds offensive midtbanespelar.

Slepp endeleg presset

Blåtrøyene har hatt kniven på strupen sidan Adecoligaen var ei handfull rundar gammal. Ein kan gjerne seie at Hødd alt har spelt over 20 cupfinalar så langt i år, sidan laget kom så skeivt ut og måtte heve seg utover i sesongen for å berge kontrakten. Noko dei ordna, med hjelp frå Alta, i trettande time.

– Endeleg skal vi spele ein kamp der vi har alt å vinne. Framfor bortimot kvar einaste kamp over lang tid har det vore slik at vi bør, bør helst eller må vinne. No slepp vi det presset. Tromsø har alt av press på seg. Vi er store underdogs.

– Du har spelt fleire andredivisjonskampar for Hødd i bydelar i Trondheim med eit par titals tilskodarar i din Hødd-karriere. Kontrastane kunne vel ikkje blitt større?

– Det har du rett i. Eg har jo spelt tre sesongar i 2.-divisjon med Hødd. Cupfinalen er alle gutars draum. Heile fotball-Norge følgjer med jo med på cupfinalen. At dette skulle skje med Hødd er ekstra gledeleg, seier Erik diplomatisk.

– Gjort mykje rett

Han innrømmer at det var ei brå omvending etter siste serierunde i Bodø. Gradvis har polljaren lada batteria.

– Bodø/Glimt-kampen var ei skikkeleg utlading. Eg kjende meg nesten heilt tom. Det har vore eit jag heile tida. Vi har jo knapt hatt sommarferie heller. Men eg må seie at vi har gjort mykje rett også i år. Etter ni rundar stod vi berre seks poeng. Moralen vi har vist ved å snu trenden med eit så ungt lag som vi har imponerer meg.

– Til slutt, Erik. Hadde Hødd blitt eit betre lag om de var heiltidsproffar?

– Eg trur det kunne ha vore lettare på ein del område ja, til dømes dette med restitusjon og søvn. Vi har såpass mange seriøse spelarar her at det kunne blitt spennande. Samtidig har eg vent meg til gode rutinar under rådande premissar, mellom anna med å planlegge mat i førevegen. Så vi klarer oss fint slik vi har det no også, seier Sandal.

Støtte frå kollegaene

Før han slår av ein prat med nokre kollegaer i gangen på Rolls-Royce avdeling Hjørungavåg. Det er mange fotballinteresserte sjeler på denne arbeidsplassen, og kollegaene trur Erik og Hødd kan overraske på Ullevål.

– Aalesund var vel heller ikkje favorittar, verken i 2009 eller 2011. Klart Hødd kan klare det. Tromsø kjem etter alt å døme til å undervurdere Hødd, trur Dag Flem Jacobsen og Asle Gjermundrød.

Les også:

Aursnes er sjukSkal stoppe toppscorarenTidenes satsing av Vikebladet VestpostenScheie er klarBilete av Hødd-spelarane før i tidaMå gjere som MarionLadar opp heime* Mannen for dei store kampane

Erik Sandal: Av og til document quality controller, av og til playmaker i Hødd. Foto: Per Werkland
Erik Sandal liker å kople vekk frå fotballen, og trivest med å gjere papirarbeid på Rolls-Royce si Hjørungavåg-avdeling, ein jobb han har hatt sidan 2007.