Erika Skarbø (25) har bestemt seg for å legge opp som fotballkeeper. Ulstein-jenta har dei siste sesongane vore keeper for Arna-Bjørnar, som i haust tok bronse i Toppserien. Tidlegare har Skarbø spelt for Hødd og Fortuna. Ho har også vore landslagskeeper, og var førstevalet under OL i Beijing for fire år sidan.

Men no er det altså slutt. Ifølgje Bergens Tidende har ikkje Erika Skarbø motivasjon til å halde fram. Det trass i at ho har eitt år igjen av kontrakten med Arna-Bjørnar.

- Eg er rett og slett litt metta. Motivasjonen svikta litt når det gjeld å legge ned så mange treningstimar som krevst for å vere på topp. Anten må eg gjere det hundre prosent, eller må eg la vere, seier Skarbø til BT.

Det var i sommar ho og klubben starta dialogen om å sette strek etter 2012-sesongen.