Men at laget undervurderer Hødd nektar han for.

- Det ligg ikkje i vår kultur å undervurdere. Dette ligg også i treningsdimensjonen vår, sa Høgmo under Tromsø sin pressekonferanse på hotellet i Nydalen laurdag.

Høgmo kunne elles melde om eit skadefritt Tromsø-mannskap med mange gode spelarar på innbyttarbenken.

Sjølv om cup er cup, trudde Høgmo også at Tromsø ville dra fordel av å ha spelt mange viktige kampar i år. Han sa seg stolt over det laget hadde prestert både i tippeligaen, cupen og i Europaligaen.

- Når det var sagt,  vedgjekk Høgmo – med eit smil -  at han sjølv hadde opplevt å tape for Hødd eit par-tre gonger – som spelar. Det var i Jan Åge Fjørtoft og  Arild Roppen si tid, fortalde han.

- Vi gler oss stort til kampen, sa Høgmo og la til at Tromsø si startoppstilling ikkje ville bli offentleggjort før ein og ein halv time før avspark.

Om cupfinalemotstandar Hødd sa Høgmo at det var eit godt fotballag med mange gode enkeltspelarar. – Vi skal møte Hødd på ein audmjuk måte, lova han.