Etter treninga fekk Vikebladet Vestposten prate nokre minutt med trenaren, det var ein pratsom og nøgd trenar som stilte til intervju.

- Det er ein veldig fin plass med vakre omgivnadar som vi sikkert får sjå meir av når det vert fint vêr. Det er tydelig at gjestfridomen står sterkt, vi har fått ein særs fin velkomst og gleder oss til å tilbringe dei neste elleve dagane på "pre-camp" her i Ulsteinvik, sa Hergeirsson etter treninga.

Les også: - Ein "kjempehappening"

Sjølv med ein flott velkomst og eit kjempeannlegg var det ein ting trenaren var litt bekymra for.

- Hallen og annlegget er fantastisk, men i slike hallar er gulvet ofte noko hardt, litt i hardaste laget til å ha mange intensive økter.

- Korleis har de tenkt å løyse dette?

- Det er ikkje noko problem å trene her, men vi kjem også til å sjå etter alternative løysingar slik at spelarane får avlasting. Det er viktig å være forsiktig og føre var, slik at vi  unngår skader no når det er berre nokre veker til OL., heldt trenaren fram trenaren.

Skyhøgt nivå

Heigersson uttrykte også at han var særs nøgd med den motstanden dei møter under fire-nasjonersturneringa Ulstein Cup.

- Vi får tre skikkelig tøffe kamper mot tre lag som alle kjem til å kjempe om å spele i OL-finalen i år. Sjølv om treningskampar er treningskampar, så vil dei vere ein peikepinn på kor vi ligg an før OL, avslutta Hergeirsson.

Les også: Gler seg til å møte handballheltane