- Vi kjem oss frå det med eitt poeng, men skulle helst hatt to til. Vi er i gang med seriespelet, endeleg. Det er nok også mykje av grunnen til at vi leverer ein litt seig opptreden. Vi får ikkje Bryne til å springe nok etter oss, dei spring for mykje til oss. Det har noko med at vi ikkje er tøffe nok, og gode nok til å sikre oss dei gode gjennombrota og trykke Bryne bakover. Litt seint og litt trått, men eitt poeng blir fasiten, sa Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen til Vikebladet Vestposten

Bryne gjekk kompromisslaust til verks, og rett i angrep frå startblokkene. Hødd blei difor pressa hardt bakover i opningsminutta. Etter rundt 4 speleminutt kom Bryne med eit skikkeleg skremmeskot. Hødd gav Bryne eit veldig unødvendig frispark på rundt 18 meter. Patrick Byskata var uheldig som trefte tverrliggaren, og ballen gjekk heldigvis for heimelaget tilbake ut i feltet og blei klarert vekk.

Les også: - Tek det på kontoen for seriestartnervar

Hødd fekk så betre kontroll over kampen, og styrte den med ro resten av første omgang, med unntak av eit par nye store Bryne-sjansar. 31 minutt ut i kampen fekk Bryne ein gedigen sjanse til å gå opp i leiinga. Oddbjørn Skartun fekk ballen fire meter frå mål, men breisida ballen på halvvolley godt over tverrliggaren.

Tre minutt før pausen dempa Hødd-spiss Robin Shroot ballen inne i feltet. Han hadde god tid, men sette ballen like utanfor mål.

Over i andre omgang ville dei 1772 tilskodarane på Høddvoll sjå andre takter frå heimelaget. Det var likevel Bjørnar Holmvik som skapte den første sjansen, då han klinka ballen på mål. Berre ein dyktig Jan Lennart Urke fekk dytta ballen over mål. Etter 53 minutt fekk Mads Bøgild kampens desidert største sjanse til no, då han blei spelt fram, åleine med Hødd-keeper Jan Lennart Urke. Urke står derimot fint, og får avverga den svake avslutninga til Bøgild.

Frisparkspesialisten slo til igjen

Etter 57 minutt fekk Hødd frispark på rundt 18 meter. Frisparkspesialist Eirik Ulland Andersen var sjølvsagt frisparkskyttar, og stilte seg klar. Han slo ballen hardt mellom to motstandarar i muren, og ballen gjekk i mål, bak ein sjanselaus Jonas Høidahl i Bryne-målet. Men, det er ikkje alltid gleda varar så lenge i fotball. For i det 59. speleminutt set Oddbjørn Skartun ballen i mål på ein corner, og syt for balanse i rekneskapen. Hødd gjer fleire forsøk på å gå opp i leiinga etter dette, men det blei med ein stor, då innbyttar Joachim Magnussen på overtid heada ballen inn i feltet der Robin Shroot fekk avslutta. Keeper fekk derimot avverga.

- Det skal ikkje bli ein vane å vere nøgde med eitt poeng. Men slik som kampen blir i dag skal vi likevel alt i alt vere greitt nøgde. Bryne har nokre sjansar her som vel så ofte går inn, og ikkje over, til sida eller på keeper. Alt i alt er vi greitt nøgde i dag, sjølv om vi sjølvsagt alltid ønskjer å sikre oss tre poeng på heimebane, seier Hans-Erik Eriksen.

- Den kvassaste på frispark

Etter kampslutt var det ein passe nøgd trenar som møtte pressa i mixed zone. Han var uansett veldig nøgd med nok eit frisparkmål signert Ulland Andersen.

- Han kan dette betre enn dei aller, aller fleste i dette landet. Eirik er den kvassaste på frispark eg har trena, seier Eriksen.

Kva svikta i situasjonen der Bryne utlikninga?

- I dødballsituasjonar kan det meste skje. Men der skal vi normalt sett også ha kontroll. Det var ein velkomst til dødballigaen dette, då både vi og Bryne scorar på det. Det handlar om å bli endå meir påpasselege på desse faste situasjonane, seier Eriksen.

- Gjer mange komiske ting

Midtstoppar Hugues Wembangomo var i likskap med trenar Eriksen ikkje heilt nøgd med resultatet mot Bryne.

- Eg føler det er to poeng tapt. Heime skal vi slå alle. Det klarer vi ikkje i dag, og det er sjølvsagt skuffande. Men det er veldig godt å kome i gang, og det er godt å sjå kva vi er gode på og kva vi har å gå på.

Midtstopparen blei kåra til kampens beste spelar, inkludert av underteikna, noko han blei litt overraska over, men mest av alt veldig glad for å høyre.

- Det er veldig hyggeleg med slike tilbakemeldingar. Eg veit at når eg er på midt beste, skal eg også vere banas beste. Samstundes veit eg at eg har ein lang veg å gå, og eg skal ikkje stoppe før eg når dit eg vil, seier Wembangomo sjølvsikkert.

Hødd-trenaren meinte gutta var litt seige i seriepremieren, noko kampens beste spelar var litt einig i.

- For min eigen del føler eg meg ikkje seig. Men, samtundes gjer vi mykje rart. Vi slår mykje feilpasningar og til tider gjer vi mange komiske ting. Det er ikkje så rart med tanke på at dette var første seriekamp, men vi må riste av oss slike feil. Det er greitt å bli ferdige med premieren.

Kampfakta

Hødd - Bryne 1-1 (0-0)

Høddvoll

Tilskodarar: 1772

Dommar: Steinar Hauge, Bjarg IL

Mål: 1-0 Eirik Ulland Andersen (57), 1-1 Oddbjørn Skartun (59)

Gult kort: Vegar Landro, Jonas Høidahl (Bryne)

Hødd:

Hødd (4-3-3): Jan Lennart Urke - Christoffer Aasbak, Joakim Wrele, Hugues Wembangomo, Eirik Skaasheim - Torbjørn Kallevåg, Fredrik Sjølstad, Øystein Vestvatn (Magnussen, 84) - Eirik Ulland Andersen, Robin Shroot, Magnus Myklebust (Sereba, 82)

Benken:

Ole-Monrad Alme, Jesper Törnqvist, Didrik Sereba, Joachim Magnussen, Michael Karlsen, Bendik Torset, Sondre Beite