Hareid ligg før runden på 5.-plass i 4.-divisjon, åtte poeng Norborg på topp ni framfor dagens motstandar MSIL på det som no er øvste nedrykksplass. Hareid tapte 3–1 borte mot Valder sist runde.
Marius Rise og Christer Adrian Mork er tilbake i troppen etter å ha stått over sist, medan Thor-Ove Brekke er på gang igjen etter å ha vore skadd i fleire månader. Joachim Røyset er sjuk og høgst tvilsam, medan Antoni Gardshol blir operert på sjukehus og definitivt ute. Ørjan Engen Grimstad står framleis i Hareid IL, men er ikkje aktuell denne runden.
Klubbrekorden til Hareid stammar faktisk frå ein heimekamp mot MSIL. Tilbake i 2000 vann Hareid 18–2 mot Sula-laget. Eiliv-Tore Howlid, som framleis er aktiv, scora seks av måla – også det ein klubbrekord.
PS. I 5.-divisjon vann Hasundgot 4-3 heime mot Hovdebygda i 5.-divisjon. Referat frå kampen les du i laurdagsnummeret.