* Kristina Eiken Fosse (15) er teken ut på juniorlandslaget i turn og skal delta på samling i Asker 16. til 18. august. Kristina har tidlegare vore to år på rekruttlandslaget i turn.
Juniorlandslaget består av turnarar i alderen 14–15 år. På samlinga i Asker vil ho få oppfølging av dei beste trenarane som er i Norge i lag med turnarar frå Bergen Turnforening, Nedre Glomma Turn, Holmen Turn og Asker Turn. Gymnastane skal gjennom 15 timar med trening fordelt på fire økter.
* Edel Charlotte Eiken Fosse (11) er tatt ut på rekruttlandslaget i turn og deltek på samling i Trondheim 14. til18. august.
Formålet med samlinga er å byggje relasjonar og gi trenarane innspel og vegleiing i kva gymnastane skal jobbe vidare med for å utvikle seg.
Gymnastane vil få mykje basistrening og tips og råd om nye element som bør trenast på.
I tillegg til denne samlinga vil det verte éi samling til på seinhausten.
Les også: