– Det kan vere vi alt er sikra. Og det kan vere vi treng fleire poeng. I alle tilfelle er vi ekstremt motiverte framfor denne kampen. Alta må vinne for å kunne halde seg. Så vi veit kva vi møter. Dette blir ein kamp for mannfolk, varslar Hødd-trenar Sindre Eid.

Hødd kjem frå to solide sigrar, og Eid ser ingen grunn til at ikkje laget skal levere ein ny god kamp. Men det er ein del usikkerheitsmoment i troppen. Victor Grodås er tilbake frå karantene, men slit med sjukdom og er usikker. Også to-tre andre spelarar må sjåast an. Erik Sandal, Eirik Ulland Andersen, Pål Hofset Skeide og Benjamin Mork Kleppe står definitivt over.