Hødds damelag spelte onsdag ein utsett 3.-rundekamp mot Sunndal på Høddvoll.

Ingen av laga klarte å overliste kvarandre sine keeperar dei første 45 minutta, og laga gjekk til pause med 0-0 i målprotokollen.

Etter kvilen skulle det derimot skje ting i begge endar av banen.

Gjestene frå Nordmøre fekk etter 64 minutts spel pirka ballen over målstreken bak ei uheldig Amalie Kragset i Hødd-buret.

Resultatet såg ut til å halde heilt inn, men på overtid skulle Hødd få ein siste sjanse til å slå tilbake då dommar Jan Erik Bratteberg peika på straffemerket.

Kaptein Ragnhild Ertesvåg takka og bukka for sjansen og plasserte sikkert inn utlikninga.

* Les meir om kampen i laurdagsavisa

KAMPFAKTA

2.-divisjon damerHødd - Sunndal 1-1 (0-0)HøddvollTilskodarar: ca. 30Mål Hødd: Ragnhild Ertesvåg (90+3)Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL - 5Ingen kort

Hødd (4-3-3): Amalie Kragset (Aina Kvamme, 67) - Ingrid Måseide (Kristin Haddal, 51), Benedikte Nevstad, Silje Holstad, Ellen Nerland Aahjem - Åslaug Helvig (Anne Halle, 77), Ragnhild Ertesvåg, Mari Heggen - Miriam Tvedt, Caroline Overvåg ( Marita Bergseth Vågeskar, 61)

Heider:

*** Ellen Nerland Aahjem** Miriam Tvedt* Ragnhild Ertesvåg