I Christian Morks debutsesong i Follo-trøya, har han vore involvert i ni av lagets 16 kampar så langt.
Etter at han forlet Hødd i vinter har kantspelaren spelt i overkant av ein halvtime i snitt per kamp for sin nye klubb. Og 20-åringen trivst godt i Akershus.
– Eg har det eigentleg veldig godt her og leilegheita eg bur i er kanonbra, forklarar Mork som legg til at han frå hausten av skal studere økonomi og administrasjon i Oslo.
Lønskutt
Og økonomi er eit ord som ikkje er så veldig positivt lada i klubben om dagane. Torsdag 1. august sende styret i Follo FK ut ei pressemelding om at klubben hadde gjennomført eit kostnadskutt på éin million kroner. Mellom anna har spelargruppa og trenarane akseptert eit lønskutt på minimum 20 prosent. Tidlegare denne veka vart det også klart at tre personar i trenarapparatet trakk seg frå stillingane sine for redusere lønskostnadene.
Lønskuttet har vore ei utfordring for Morks del.
– Både eg og andre som har flytta hit for å spele fotball er avhengige av dei pengane vi får frå klubben. Heldigvis har eg nokre kjekke foreldre som støttar meg viss det trengst. Spelarane held motet oppe og eg reknar med at det ordnar seg etter kvart, spår hareidsdølingen.
Avlyst kamp
Mork og Follo FK skulle eigentleg ha møtt tabellnabo Vard Haugesund sist helg, men grunna dårlege baneforhold vart kampen utsett til september. At akkurat denne kampen vart utsett meiner den tidlegare Hødd-spelaren er uheldig.
– Vi tok ein sterk bortesiger mot Fredrikstad runden før, så det var dumt at den kampen vart avlyst. Det kunne ha gitt oss ein ny start, kommenterer han.
Held auga opne
Sjølv om Mork skildrar at klubben står saman om å få kontroll på den økonomiske situasjonen, erkjenner han at det ligg i bakhovudet at ein kanskje må sjå seg om etter andre alternativ.
– Eg har kontrakt ut 2014-sesongen, så eg har ikkje nokre umiddelbare planar om å gå nokon stad. Men skulle klubben gå konkurs så må vi jo halde auga opne for å finne oss ein ny klubb, opplyser 20-åringen.