Flø opnar 6.-divisjonshausten med bortekamp mot Kvamsøy/ÅVK i morgon.
Grøntrøyene tapte sine tre første seriekampar i vår, men tok sju poeng på dei tre neste. Morgondagens kamp er utsett frå vårsesongen. Då tok ikkje Kvamsøy/ÅVK eit einaste poeng, så dette er ei fin moglegheit for Flø til å opne haustsesongen godt.
Hareid 2 og Hasundgot har avtala treningskamp på Hareid stadion i morgon. Hareid stiller ifølgje rapportane med ein del spelarar frå a-stallen.
Hareid 2 opnar 6.-divisjonshausten med lokalderby borte mot Haddal laurdag.
Same dag opnar Hasundgot 5.-divisjonshausten med bortekamp mot Vigra. Ein viktig kamp for eit Hasundgot-lag som står i fare for å rykkje ned. Hasundgot ligg tredje sist med 10 poeng. At Vigra ligg på 5.-plass med 12 poeng fortel oss om ein jamn divisjon. I verste fall rykkjer dei fire nedste laga i 5.-divisjon ned – dersom tre sunnmørslag rykkjer ned frå 3.-divisjon.'
Våre tips for kampane denne veka:
5.-divisjon:
Tysdag: Vartdal - Sunnylven/Stranda II (H)
Onsdag: Hovdebygda - Åmdal (H)
Torsdag: FK Sykkylven - Langevåg (B)
Laurdag: Vigra - Hasundgot (U)
Søndag: Åheim - Ravn (B)
6.-divisjon:
Måndag: Sæbø - Gjerdsvik/Moltu
Tysdag: Kvamsøy/ÅVK - Flø (U)
Laurdag: Haddal - Hareid II (U), Kvamsøy/ÅVK - Gjerdsvik/Moltu (B)