Tromsø er ein klubb med sterke spisstradisjonar. Rune Lange, Ole Martin Årst og Sigurd Rushfeldt herja scoringsstatistikkane i mange år. Årst, Tippeliga-toppscorar i 2005, spelar sin siste Tromsø-kamp mot Hødd søndag. I fjor vart Tromsøs Mustafa «Mos» Abdellaoue mestscorande spelar i den norske toppdivisjonen, men reiste vidare til Danmark. I staden henta Tromsø inn Zdenek Ondrásek frå Tsjekkia, og han vart Tippeliga-toppscorar med 14 mål i år, likt med Peter Kovacs i Strømsgodset.
– Det minste problemet
I tillegg til Ondrásek må Hødd bryne seg på anten Årst, Aleksander Prijovic eller Steffen Nystrøm i nordlendingane sitt angrep.
– Alle desse fire skal uansett ikkje spele på topp saman. Det blir vel to av dei. Fleire av dei er fysiske og tøffe, men det er det minste problemet for oss. Ondrásek er Tippeliga-toppscorar, så han veit kvar målet står, og det gjeld å vere tett opp i. Det lettaste for oss er om spissane vi møter er gode på éin ting. Verre er det om dei har 100 gode eigenskapar, smiler Hødd-kaptein Fredrik Klock.
– Men for oss er det jo sjølvsagt ein fordel om spissane vi møter har sine styrkar i fysikken, legg stopparkollega Steffen Moltu til.
– Må angripe
Verken Klock og Moltu starta årets sesong spesielt bra, men har spelt seg stort opp utover året. På Vikebladet Vestposten sin spelarbørs var dei høvesvis nummer fire og fem på børsen i år. Trass i at Klock og Moltu kjenner til Tromsø sine gode eigenskapar, er begge sikre på at det ikkje hjelp mykje å fokusere på kva motstandaren kjem med om cupfinalen skal bli ein suksess.
– Vi kan sjølvsagt vere observante på kva spelartypar dei har, men vi kan ikkje bry oss for mykje om kva Tromsø kjem med. Eg håper i grunnen dei overanalyserer oss. Vi legg ikkje opp spelet vårt etter dei. Vi veit vi må angripe sjølve søndag, varslar Fredrik Klock.
– Må ikkje bli overraska
Som var unytta reserve då Brann vart norgesmeistrar for åtte år sidan. Dei fleste andre i Hødd-stallen har ikkje vore borti tilskodarmassar og folkesnakk av det slaget som ventar dei på Ullevål til helga.
– Førebur de dykk på ein annan måte til denne kampen enn elles?
– Nei, eigentleg ikkje. Vi har trena som vanleg. Det er viktig å lade batteria, samt å få nok søvn, og å ete og drikke rett. Lars Arne (Nilsen, Hødd-trenar) har snakka litt om Tromsø, men elles har det vore lite nytt, fortel Steffen Moltu.
– Folk må vere førebudde på at trykket der nede blir annleis enn vi har vore vande med. Når vi kjem ned fredag vil hovudstaden vere farga i raudt og blått. Det meste anna er avgjort i norsk fotball, og det gir eit stort fokus på denne kampen. Og det må ikkje overraske oss, seier Fredrik Klock.
Positiv blest
– Ser de positivt eller negativt på all blesten rundt laget for tida, både i media og elles? Kan det bli for mykje?
– Eg ser positivt på blesten. Det er veldig viktig for klubben. Men samtidig må vi spelarane beskytte oss sjølve når helga nærmar seg, meiner Steffen.
Og legg til at verken han eller Fredrik er dei som brukar mest tid på sosiale medium for å sjekke kva folk meiner om laget.
– Eg har knapt tid til å vere på data i det heile. Etter trening og legging av ungar køyrer eg til Hessa for å snikre på nyhuset vårt. Så er eg på data prioriterer eg å sjekke mail. Men vi er i eit spesielt yrke. Vi lever av at sponsorar og publikum vil støtte oss. Så det skulle jo berre mangla at vi stiller opp, seier Fredrik.
Gammalt ektepar
Som saman med blant anna Steffen nesten dagleg pendlar frå Ålesund til Ulsteinvik for å trene og å spele kampar. Og ikkje nok med det. Steffen og Fredrik deler også rom på Hødd sine bortekampar. “Som eit gammalt ektepar”, seier Fredrik.
Og svarer med glimt i auget slik når vi spør om han skal bu saman med familien i Oslo cupfinalehelga:
– Nei, då har eg berre éin unge å passe på ...
Og ser bort på Steffen.
Les også: