Også denne onsdagen var det lite vind med lett bris frå nord til nordaust med noko regn.

Under seglasen på onsdag segla deltakarane på Vårbane 1 med start vest for Ryssholmen, runding av bøye nord om Gåsneset og ved Håkonsholmen. Målgang var ved Ryssholmen etter tre rundingar.

Lite vind førte til avkorting etter andre runding. Båtane kom godt samla ut frå start. Dei tre båtane Skjold, Drambuoy og Hypocampe kryssa nordover langs Ulsteinlandet, medan dei andre åtte låg på ein lang kryss utover mot Vattøya – før dei slo innover mot merket ved Gåsneset.

Dei tre langs land såg ut til å tene på banevalet og var godt framme ved runding.

På lensen frå Gåsneset til Ryssholmen var det fleire som nølte litt for lenge med å få opp spinnakeren. Difor tapte dei noko tid.

Etter ei runde leia Skjold med Drambuoy på andre og Alda III på tredjeplass. Farwell med skipper Ole Peder Kaldhol segla seg opp frå ein fjerdeplass her til førsteplass i mål, medan Skjold og Alda III måtte gi frå seg nokre plassar på andre runden.

Resultatliste:

1.FarrWellOle-Peder Kaldhol1.32.44
2.DrambuoyTom Høymer1.32.57
3.VillivindChris Remøy1.34.17
4.Candela IIKurt Håvard Skeide1.34.53
5.SkjoldLeif-Halvard Scheide1.35.17
6.Alda IIIMartinus Ytrebø1.35.23
7.HypocampeIngvald Dimmen1.39.12
8.SagaPaul Reite1.40.57
9.Draumen IIBjørn Walaunet1.41.54
10.Opus IIIKristian Skeide1.47.49
11.AnnaKarsten Brandal1.53.02