Det har skjedd noko på Hareid. Etter fleire sesongar med små troppar, spel i sjuarserie og svake resultat, ser det no ut til at damelaget har fått vind i segla.

Torsdag spelar laget sin første haustkamp, heime mot Stranda/Sunnylven, etter ein vårsesong der ein har vore med heilt i toppen. Berre Hødd-rekruttane har plukka fleire poeng, og er einaste laget Hareid ikkje har slått denne sesongen.

I utgangspunktet melde Hareid på eit niarlag til sunnmørsavdelinga i 4.-divisjon kvinner. No er målet å fullføre sesongen som ellevarlag, og det i ein sesong der naboklubben Hødd stiller seniorlag både i 3.- og 4.-divisjon.

Vaksen spelargruppe

Og kanskje var dette ei varsla endring? I desember vart det klart at Anita Waage, til vanleg dagleg leiar i Hareid IL, tok over hovudtrenaransvaret. Med erfaring både frå krinsen, NFF og som trenar for fleire lag var dette eit signal om ein ny giv på damesida i Hareid. Men det var litt usikker kor mange spelarar ein hadde å jobbe med.

– Det er noko av det som er spanande med damefotballen, ein veit aldri heilt kva ein får. Det blir ofte litt smitteeffekt. Anten så startar alle, eller så sluttar alle. No har vi klart å etablere ei «vaksengruppe», som ikkje må basere seg på 15, 16 og 17-åringar. Den yngste er 18 og den eldste er 40. Det har vore positivt for oss, at vi har ei seniorgruppe, fortel Waage.

Ho håpar at ein skal klare å halde på denne stammen med litt meir erfarne spelarar, slik at dei yngre heller kan gå gradene.

– Det er kanskje ein annan diskusjon, men eg synest ofte at ein blir seniorspelarar altfor tidleg. Når spelarane blir 23 så sluttar dei fordi dei har opplevd alt. Det gjeld ikkje berre lokalt, men ein ser det heilt opp til landslaget, seier Hareid-trenaren, som sjølv debuterte på landslaget som 23-åring.

Det er ein del forskjellar på det Anita Waage og Hareid-damene held på med no, og det Waage var med på som landslags- og toppseriespelar.

– Ein må tilpasse seg den gruppa ein har, men ein må også tore å stille krav. Skal ein vekse, både som lag og som spelarar, så må ein ha utfordringar heile tida. Det har gruppa tatt på ein veldig bra måte.

Frå sjuar til ellevar

Ei utfordring var overgangen til ellevarfotball. For mange av spelarane var hovudsakleg vane med sjuarfotball.

– Eg veit ikkje når ein hadde ellevarlag i Hareid sist? På 90-talet ein gong? For oss som klubb er det veldig positivt at vi har fått det til i år, seier Waage.

For å kunne stille ellevarlag måtte laget få inn fleire spelarar, og det er ei kontinuerleg utfordring.

– Det er noko med det å få med seg dei som har busett seg her på Hareid. Dei som kanskje har fått ungar, men som har litt lyst til å spele. Då handlar det om å då dei med, for som eg seier så er det altfor mange som sluttar for tidleg med fotballen.

No synest ho Hareid har fått på plass ei fin gruppe, der ein både har spelarar med lite og mykje rutine.

– Vi har både gode og ikkje fullt så gode spelarar, nokre som har starta på att og som er rustne, men dei er med og det er det viktigaste. Det er eit lag der alle skal kunne prøve seg. Så handlar det om å putte inn litt og litt meir treningskultur og seriøsitet. At eg får brukt mine erfaringar.

Satsar på jentene

Og dersom Hareid klarar å halde på ein bra stamme på seniorlaget, så kjem det også gode spelarar nedanfrå.

– Vi har spanande jentelag, men det vi først og fremst må få til i Hareid er å skape eit godt jentemiljø i klubben. Vi må ha eit tilbod slik at jentene ikkje må til Hødd for å utvikle seg. Eg forstår dei som har gått dit, for vi har ikkje hatt det tilbodet. Eg reiste jo sjølv fordi det ikkje var eit godt nok tilbod i eigen klubb, fortel Waage.

No er ein i ferd med å bygge noko som ser positivt ut i Hareidfotballen, og så må ein sjå om ein klarar å halde det ved like. Waage håpar ein skal kunne utvikle jentefotballen på Hareid vidare.

– Hareid IL satsar på jentene og på damelaget. Kanskje kan vi utvide med ein trenar til, få bygge eit lite team rundt laget, men uansett er vi avhengige av spelarar. Det er dei som avgjer framtida, men vi har klart å starte opp att og vi har kome dit at vi spelar ellevar, som vi ikkje har gjort på mange år og det er veldig kjekt, fortel ho.

Trenaren: Anita Waage tok over som dametrenar før jul. Foto: Torger Havåg