Peptalken før Hødd–Brann vart teke opp som lydspor på mobil av Oddmund Vaagsholm, og det er utdrag frå den som blir brukt i Skeide sin Hødd-låt
– Kvaliteten på lydopptaka var så som så, men eg synest det vart tøft likevel, fortel Joakim Skeide til Vikebladet Vestposten.
Live i Oslo
Det er Skeide som har laga musikken og teksten, medan Evie Tømmerbakk er vokalist.
– At Evie kom inn synest eg gjorde songen komplett. No gler vi oss til å framføre songen live i Oslo fredag og to gonger laurdag i cupfinalehelga, seier Skeide.
– Mykje stemning
Som då skal spele synth til Tømmerbakk sin vokal. Skeide kallar “Blå og kvit” ein dancelåt, og forklarer at målet var å gjere låten så enkel som mogleg.
– Songen min er bra som cupfinalesong fordi det er mykje stemning i han. Songen er bygd opp med applaus og bakgrunnseffektar. Teksten skal vere så enkel at det er lett å synge med. Han er bygd opp på ein enkel måte med få seine ord, seier Joakim Skeide.
– Korleis fekk du ideen til å lage ein cupfinalesong?
– Eg har laga musikk i 20 år, men aldri gitt ut noko. Før semifinalen var eg "slaurete" i kjeften og sa eg skulle lage ein finalelåt om vi slo Brann. Og den lovnaden måtte eg berre halde. Eg var litt seint ute, men hadde nokre tankar i hovudet mitt om korleis eg ville lage songen.
Viktig med klisjear
Skeide legg ikkje skjul på at klisjear er viktige verkemiddel når ein supportersongen skal lagast.
– Spesielt når songen handlar om ein liten klubb er det vanskeleg å komme utanom klisjeane, som “liten og stor”, “sjarmørklubb” og “Sunnmøres stoltheit”. Noko anna hadde berre blitt rart, smiler musikaren.
Kjem på CD
“Blå og kvit” kjem ut på ein CD som inkluderer to forskjellige versjonar av songen. Opplaget er på 500 eksemplar, og salet startar venteleg til veka. Om det er att eksemplar blir dei tatt med til Oslo.
Youtube-versjonen av songen har bikka 5000 treff.