Allereie klokka 18.30 laurdag kveld starta Cupfinalefesten på Youngstorget i Oslo.

Kjedereaksjon

Bandet "Kokken Tor" innleia med ein konsert på om lag ein time. Då glei arrangementet straks over på dei lokale innslaga kor band og artistar som blant anna Folkestad Bros, Atle Remøy, Scottys Dreamteam og Joakim Skeide fekk dele sine flotte cupbidrag.

Men sjølve cupfesten fekk Gjerdsvikabandet Exposed to Failure stå for med si utvalde cupfinalelåt "Stolt på Ullevaal".

Bandet skreiv også på Facebook tidlegare laurdag at dei til no har hatt mange gode opplevingar i Oslo, og at dei no ville avslutte det heile med å gå på scena under det store cupfinaleshowet på Youngstorget. Dei oppmoda om å være med på festen, og ikkje minst gje dei presenterte Hødd-spelarane den støtta dei fortener.

Og dette synte seg å gje effekt. Exposed to Failure kan nok ikkje ta all æra for det enormet oppmøtet åleine, men Høddvollteltet var fullt frå vegg til vegg med blåkledde supportarar som hylte, skreik og song med på alle songane for full hals. Jubelen brast laust som ein kjedereaksjon.

- Sjekkar alltid Hødd først

Men det var ikkje berre musikken som skulle bere sitt preg over cupfinalefesten. Også standupkomikar og fråflytta Ulsteining Fredrik Steen heldt eit morosamt show på scena. Humoristisk sett tok han føre seg korleis det er å være sunnmøring i Oslo.

Også Steens komikarkollega Ørjan Liavåg entra scena. Utkledd som den anerkjende taxisjåføren Per-Leif. Både Steen og Liavåg fekk latteren til å gå laust under telttaket.

Konferansierane Magne J. Krumsvik og Bjarne Wærdahl kalla også tidlegare Hødd-spelar Kjetil Hasund opp på scena. Ikkje overraskande fekk Hasund hyllest frå Blåsarane og supporterane i salen. Dette såg ut til å prege Hasund på ein svært positiv måte.

På spørsmål frå konferansieren om korleis det kjenns å oppleve Hødd i cupfinalen, svarar Hasund overveldande at det er heilt utruleg.

- Det er heilt utruleg, og samstundes ufatteleg, svarer ein tydeleg stolt Hasund i mikrofonen.

Også Hasund sin gode ven og læresvenn Åge Hareide blir invitert opp på scenekanten.

Etter ei rekkje gode ord om Kjetil Hasund, fortel Hareide at uansett kor han befinn seg i verda, sjekkar han alltid kor det går med Hødd før han sjekkar noko anna.

Og dette var nok ein stjernekommentar som fekk teltet til å riste etter jubelbrølet frå supporterane.

Hylla spelartroppen

Det stjernespekka cupfinaleshowet vart avslutta med det dei fleste sikkert venta på.

Å få sjå Hødd-spelarane som skal kjempe til seg cupgullet på Ullevaal sundag.

I mikrofonen brølar Bjarne Wærdahl kvar og ein av spelarane opp på scena. Ustanseleg står jubelen i taket til alle spelarane og Hødd-leiinga har kome inn.

Og ikkje overraskande fekk ungguten Fredrik Aursnes på 16 år den største jubelen.

Gleda var nok stor over at han er frisk frå spysjuka, og at han no kan delta på cupfinalen sundag.

Kor lenge festen held fram natt til sundag, eller om supportarane har røyster att til kampen, er førebels uviss.

Årets spelar

Også Blåsarane Supporterklubb ville for tiande året på rad gje ei gåve til den dei meinte var årets spelar.

Kåre Hasund og Guttorm Remøy Vartdal frå Blåsarane entra scena, og kunne overrekkje ei flott klokke i stein til Pål André Helland.