- Det ser sikkert ut som Paralympics, men eg klarer i alle fall å jogge. Det har eg gjort i éi veke no. Ankelen er stiv og vondt, men sjølve brotet går fint. Det er meir at det er uvant å bruke alle musklane. Men så er det jo berre fire veker sidan eg kasta krykkene og begynte å gå igjen, seier Sandal.

Han er inne i sin tiande sesong i Hødd. Men i år har nordfjordingen vore lite å sjå. I romjula braut han nemleg eit bein i foten. Den første operasjonen var mislykka, og ein ny operasjon i mars måtte til. Deretter har det gått seint, men rett veg.

Trenar med Torres

Då Vikebladet Vestposten stakk innom Hødd si morgonøkt laurdag trena Erik Sandal roleg saman med fysisk trenar Manu Torres. Og slik blir det nok ei god stund til.

- Eg har mykje å ta igjen, og kjem heilt sikkert til å hate å ha Torres rundt meg heile tida. Men når eg kjem tilbake vil eg nok takke han, smiler Sandal.

Han er optimistisk med tanke på framhaldet, men synest det er vanskeleg å spå kor mykje av årets sesong han rekk. I beste fall kan 31-åringen vere tilbake på bana etter sommarpausen. Men det kan også bli både august og september før Hødd-drakt nummer 7 blir i bruk igjen.

- Såg bra ut

I mellomtida må Erik Sandal sjå Hødd-kampane som tilskodar eller framfor PC-en. Han synest det har gått opp og ned med Hødd i år.

- Det såg bra ut heilt fram til det tøffe kampprogrammet starta. Då kom slitasjen. Men samtidig er det såpass mykje nytt i år at det tek tid å få spelt ting inn, vurderer den offensive midtbanespelaren.

Utgåande kontrakt

Kontrakten hans med Hødd går ut etter denne sesongen. Og Sandal har ikkje høyrt noko frå Hødd-leiinga om forlengjing enno.

- Når vi ser alt som skjer rundt her med nytt stadion og greier skal det i alle fall ikkje stå på motivasjonen. Men først må eg kome i form. Så får vi ta det derifrå, seier Erik Sandal.

Les også:

* Ny operasjon for Sandal