Karsten Warholm er i rute framfor mangekampen i U20-VM i USA om tre veker. Det seier Arve Hatløy.

– Karsten må finpusse kastøvingane litt. Han har også litt utfordringar med å treffe planken i lengde. Men elles har han kontroll på det meste no, meiner trenaren.

18-årige Warholm leverte ei rekkje gode resultat i Göteborg helga som var, mellom anna:

* Ny pers i lengde: 7.45 meter.

* Ny pers på 100-meter flatt: 10.81 sekund.

* Ny pers på 110-meter hekk med ein margin på fem tidelar: 14.05 sekund.

Til helga skal Warholm hoppe høgde på Byrkjelo.

Øvinga under mangekampen i USA er: 100-meter, lengde, kule, høgde, 400-meter, 110-meter hekk, diskos, stav, spyd og 1500-meter.