Søndag går siste runde i damenes 2.-divisjon. Hødd tek imot Byåsen, som allereie har vunne avdelinga og skal spele kvalik om ein plass i 1.-divisjon. Hødd har så dårleg målforskjell at dei uavhengig av resultatet søndag tek femteplassen i avdelinga, sjølv om det berre er tre poeng opp til Verdal og Tynset. Trondheims-Ørn II tek sølvet.

- Mest sannsynleg blir vi jo nummer fem. Og det er greitt det. Vi har hatt ein bra sesong. Spesielt med tanke på at vi har mista så mange spelarar i løpet av året, sa Ole Per Kragset etter 0-0 mot CFK sist runde.