Det var strålande solskin og ein fin dag for fotball då Hødd tidleg denne ettermiddagen tok i mot Byåsen 2 til seriekamp i 2.-divisjon avdeling 06. Hødd hadde eit ynskje om å slå tilbake etter den tunge seriestarten borte mot Trondheims-Ørn, medan bortelaget kom frå ein fin 4-1-siger heime mot Sunndal, etterfølgt av 2-2 borte mot Volda.
Det var dei tilreisande som starta kampen best, og fekk i løpet av dei fyrste fem minutta to hjørnespark, utan at det sette Hødd-keeper Julie Beitveit på prøve. Trondheims-laget fortsette å styre kampen, og hadde ytterlegare to skot dei fyrste ti minutta, men som ikkje gav utteljing. Etter 11 minutt vart Hødd-spelar Therese Holstad spelt gjennom, men avslutninga frå spiss vinkel gjekk utanfor. Laga veksla no på å ha ballen, og begge side skapte det ein kan kalle halvsjansar.
God Hødd-sjanse – Byåsen 2 slår tilbake
Dei avgjerande minutta i denne omgangen kom etter halvtimen spelt. Hødd kunne tatt leiinga etter ein god skotsjanse, men skotet vart blokkert og bortelaget kunne fosse i angrep. Eit Hødd-lag i ubalanse laga frispark frå om lag 20 meter, og frisparktakar banka ballen i mål bak Julie Beitveit. Etter dette skjedde det svært lite, og laga kunne gå til pause på stillinga 0-1.
To forskjellige halvdelar av andre omgang
Andre omgang starta på verst tenkelege måte for Hødd. Heimelaget mista ballen i forsvar, og ein av gjestane sine spelarar kunne elegant lobbe ballen over Beitveit. Byåsen 2 fortsette å køyre på, og hadde fleire sjansar til å auke leiinga. 0-3 kom etter 62 minutt, og på dette tidspunktet verka det som om bortelaget kunne score mange fleire. Etter 70 minutt endra derimot kampen karakter, då Marte Aarsand Vik på nydeleg vis sette inn reduseringa for Hødd. Under stort press klarte ho å få avslutta, og ballen gjekk over keeper og i det lengste hjørnet. No hadde heimelaget fått “blod på tann” og i løpet av dei neste minutta var både Therese Holstad og Ellen Nerland Aahjem svært nære ved å sette inn 2-3. Ei ytterlegare redusering måtte derimot vente til 89 minutt spelt, då Hødd fekk straffe. Holstad sette straffa sikkert i mål, og ny spenning i kampen. Heimelaget klarte likevel aldri å setje inn ein skikkelig sluttspurt etter reduseringa, og oppgjeret enda til slutt 2-3.
-Vi gjer det vanskeleg for oss sjølve
Hødd-trenar Ole Per Kragset meinte at laget hans spelte ein ok kamp, men var misnøgd med ein del situasjonar som ein kunne vore utan:
- Vi spelar jamt og har vore sjansar, og så får dei eit veldig billig frispark som dei scorar på, noko som er utruleg surt for oss. I andre omgang gjer vi det veldig vanskeleg for oss sjølve, og rotar ved begge måla deira. Dei siste 20 minutta kjem vi sterkt tilbake, der vi får ei redusering og får litt trua på det. Alt i alt synest eg vi spelar ein ok kamp, sa Kragset etter kampslutt.
KAMPFAKTA:
Hødd – Byåsen 2 2-3 (0-1).
Frå start: Julie Beitveit, Ellen Nerland Aahjem, Nina Kristin Flem, Gro Elise Aksnes, Benedikte Nevstad, Karoline Brandal Dahl, Ine Sleipnes, Merethe Molvær Terøy, Hanna Rekdal, Therese Holstad, Marte Aarsand Vik.
Innbyte: Oline Marø Sundgot, Ragnhild Brudevoll, Maria Emilia Skar, Andrea Helene Sævik, Cecilia Bakke, Vilde Sundnes Sundal, Andrine Nevstad.
Målscorarar Hødd: Marte Aarsand Vik (70) og Therese Holstad (89).