– Det er ikkje vits i å prate så mykje om kvar på bana eg har spelt. For det er over alt, smiler Ole Amund.

Han kom til Ulsteinvik måndag. Tysdagen brukte han til å bli betre kjent med byen. Etter lunsj stakk han innom redaksjonslokala til Vikebladet Vestposten.

– Men du kan seie litt om dine sterke sider som fotballspelar?

– Ja, det er enklare. Eg er både veldig løpssterk og kjapp. Eg har eit bra driv med ballen og eit godt skot. Eg er vel jamt god på det meste, forklarer Ole Amund.

Frustrerande, men seriegull

Som satsa på langrenn fram til han var i 15-16-årsalderen. Redalingen fekk mellom anna med seg ein 10.-plass i eit norgescuprenn. Men så prioriterte han fotballen. Etter å ha spelt i moderklubben Redalen gjekk han til Raufoss som junior framfor 2008-sesongen. Ole Amund fekk kjapt mykje speletid for a-laget, som då hadde blitt tvangsdegradert frå 1.-divisjon. Fire sesongar i 2.-divisjon med Raufoss følgde (- Eg har mykje å takke Raufoss for, seier han sjølv) før Strømsgodset kom på bana vinteren 2012. Første året i Drammen spelte han fire cupkampar og to Tippeliga-kampar. I fjor vart det tre seriekampar (akkurat mange nok til å få gullmedalje), éin cupkamp og to kampar i Europa League før han vart lånt ut til HamKam om hausten.

– I Godset var eg alltid i troppen. Men sidan eg vart rekna som forsvarsspelar var eg alltid med i troppen, men fekk sjeldan innhopp frå benken. Klart det var frustrerande, seier Ole Amund.

Vart mektig imponert

Til Hødd er han i utgangspunktet henta som midtbanespelar. Men noko anker a la Sivert Heltne Nilsen vil ikkje Ole Amund seie at han er. Han vi helst ha ei indreløparrolle. Men kvifor hamna eigentleg ein regjerande seriemeister i Ulsteinvik og Hødd?

– Det har gått veldig fort. Det er vel berre litt over ei veke sidan eg høyrde om interessa frå Hødd. Det var heller ikkje gitt at eg skulle skifte klubb. Godset-trenarane sa at ingen skulle ut av stallen før tidlegast i mars. Fram til då hadde alle sjansen til å kvalifisere seg. Nyleg forstod eg at eg ikkje ville bli satsa på, og då var eg ledig på marknaden. Eg var også aktuell for andre klubbar, men etter å ha sett forholda i Hødd vart eg rett og slett veldig imponert. Det verkar som ein svært profesjonell klubb, forklarer Ole Amund.

Nysgjerrig og skadd

Han kjenner ikkje så mykje til spelarmaterialet elles. Og han har i grunnen ikkje peiling på kor godt Hødd kan gjere det i den alltid like lite føreseielege 1.-divisjonen. Men 24-åringen takkar ikkje nei til å spele Tippeliga-fotball for Hødd neste år, for å seie det slik.

Først av alt skal Ole Amund bli betre kjent med Ulsteinvik. Han har fått seg ei mellombels leilegheit i sentrum. Og har traska litt fram og tilbake i ein by som var mykje større enn han og kjærasten (som kjem oppover seinare) først trudde.

Og deretter handlar det om å kome seg på føtene igjen. For per dags dato er Ole Amund ute med ein hamstringstrekkskade.

– Eg veit ikkje om eg spelar mot Træff søndag. Det blir i tilfelle ikkje nokon full kamp. Eg tek ikkje sjansen på å bli skadd i ein treningskamp no, seier midtbanespelaren.

Som synest det er artig at Hødd skal møte HamKam i serieopninga – laget han var utlånt til i fjor haust.

– Forresten, Ole Amund, går du framleis mykje på ski?

– Hehe, nei det blir for lite tid til det.

Seier Hødds nye nummer 8.