Thomas Lid Kleppe sin London-tur denne helga kan bety tribuneplass på Ullevål under cupfinalen.

Kleppe har for lenge sidan bestilt seg ei reise til England i helga, og skal sjå favorittlaget Arsenal i aksjon mot erkerival Tottenham Hotspur. Det betyr at midtstopparen går glipp av eit par Hødd-treningar i oppkøyringa til cupfinalen neste søndag.

– Eg valde å reise til England denne helga. Eg veit ikkje kva planar Hødd har for cupfinalen, men eg blir ikkje overraska om eg blir vraka, skriv Thomas Lid Kleppe til Vikebladet Vestposten.

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen forstår på éin måte at Kleppe har reist til England, og på andre måtar ikkje.

– Thomas har brukt mange tusen kroner på denne turen, og bestilte han lenge før vi var klare for cupfinale. Men det er ikkje utelukkande ei god opplading til cupfinalen. Eg kan ikkje slå fast at Thomas er uaktuell til finalen, men vi har tre andre stopparar i Fredrik, Steffen og Ørjan, så dekninga der er bra. Hadde dekninga i midtforsvaret vore svakare hadde turen stilt seg annleis, seier Nilsen.

Fredrik Klock og Steffen Moltu har vore faste Hødd-stopparar sidan mai. Desse to har stått over kvar sin kamp denne hausten, og då har Thomas Lid Kleppe fått sjansen. Totalt har ørstingen fire startar og fem innhopp i årets serie. Konsekvensen av England-turen kan bety at Ørjan Engen Grimstad blir tredjeval i staden for Kleppe, og dermed får sjansen om Klock eller Moltu blir skadde eller sjuke – slik Vikebladet Vestposten oppfattar situasjonen.

Då vi stakk innom Hødd si fredagstrening var også Sivert Heltne Nilsen, Fredrik Aursnes og Kazeem Ahmed fråverande.

Lars Arne Nilsen fortel at Sivert og Fredrik begge ligg heime med sjukdom, medan Kazeem nyleg har operert vekk ein kalkbit frå ein muskel i låret. Det er lenge til kantspelaren kan trene vanleg igjen, men han blir nok med i reisefølgjet som skal på finale i Oslo.