- Eg er veldig stolt. Vi spelte ein kjempekamp. Marginane var dessverre ikkje på vår side i dag. Vi fekk eit mål imot akkurat fire minutt på overtid. Etter det kunne vi kan snu det igjen, og vi stod bra på, men det gjekk altså ikkje. Klart det er bittert. Det er sånt som skjer. Resultatet var skuffande, men vi kan vere stolte av det vi viste i dag, oppsummerar Hødd-kaptein Jesper Törnqvist.

- Tapte som lag

Som er glad på at ingen av høddarane vart syndebukkar.

- Før vi starta å skyte straffene sa vi at vi gjer dette som eit lag. Vi skulle vinne som eit lag eller falle som eit lag, seier Törnqvist.

Det blir altså ikkje cupfinale på Hødd i år, men finnen håper dei over 3000 frammøtte fekk ei god oppleving i solskinet på Høddvoll.

- Her var mange engasjerte tilskodarar. For dei fleste sin del gjekk feil lag vidare, men eg vil tru mange hadde det gøy likevel, seier Hødd-kapteinen.

- Tenkte minst mogleg

Hødd scora på sine fire første straffer ved Akeem Latifu, Sivert Heltne Nilsen, Vegard Heltne og Fredrik Aursnes. Deretter bomma Andreas Rekdal, Victor Grodås og Joachim Magnussen. Daniel Chima Chukwu kunne dermed avgjere til 7-6-siger, og det klarte han.

- Det såg lenge ut som vi skulle klare det, men så fekk vi ein på tryne på overtid av overtida. Eg følte før straffekonken at vi skulle ta dette. Det gjekk dessverre ikkje slik, seier ein skuffa Joachim Magnussen til Vikebladet Vestposten.

- Kva tenkte du før du skulle ta Hødds sjuande straffe?

- Eg tenkte minst mogleg, berre at eg skulle setje ballen ut i sida. Men det var ikkje marginar inn denne gongen. Eg var ikkje med då Hødd vann cupen på straffer i fjor, så kanskje eg har noko å lære av dei, seier Hødd-spissen.

- Fortente avansement

Som uansett er godt nøgd med Hødd sin prestasjon mot laget som vann Tippeligaen både i 2011 og 2012.

- Vi spelte ein veldig god kamp. Eg følte vi fortente å gå vidare. På ein måte var dette ein bra måte å ryke ut på. Vi gjorde alt vi kunne. Vi går ut med heva hovud, sjølv om det er utruleg surt, forklarer Joachim Magnussen.

Les også:

* Hødd ute av NM

* Nesten cuphelt