På stillinga 0-2 kunne det sjå ut til at Hødd var nøgde med dagens målfangst. Men, Markus Naglestad ville det annleis. Etter 69 minutt blei mannen, som er henta til Hødd for å score mål, bytta inn. Åtte minutt før slutt trilla Marius Hagen ballen til Naglestad i returrommet. Markus tok i mot med venstrefoten, tok ei smart skotfinte, og trilla ballen i mål med høgrefoten. Iskaldt, og vakkert.

- Det var fyrst og fremst godt å komme i gang. At eg scora eit mål i debuten var sjølvsagt ein fin bonus. Det var kjekt å punktere kampen og samstundes sikre meg ein fin debut.

Naglestad har vore i ei rekkje norske klubbar tidlegare, og har opparbeidd seg eit imponerande scoringssnitt gjennom karrieren så langt. Han har ingen planar om å gjere snittet noko dårlegare no som han er i Hødd.

- Eg har ikkje sett meg noko konkret mål for sesongen, men eg har lyst til å score mange mål. Og helst i kvar kamp eg speler. Eg vil score mange mål og hjelpe laget til å ta viktige sigrar på same tid, seier Naglestad.

- Godt med kamptrening

Etter nokre månadar utan spesielt mykje kamptrening, var det godt å komme innpå siste tjue minutta i seriepremieren, fortel Markus Naglestad.

- Eg har nesten ikkje spelt siste tida eg var i USA no, og visste ikkje heilt om eg skulle forvente å starte denne kampen. Eg meiner det var fornuftig at eg ikkje starta i dag, men at eg heller fekk eit innhopp, med tanke på litt mangel på kamptrening.

Han meiner Hødd framstod som solide defensivt og offensivt mot Stjørdals-Blink.

- Dette var knallbra. No må vi berre køyre på vidare. Det er nok av viktige poeng vi må ta denne sesongen, seier Naglestad.