Erik Sandal har signert for to nye år i Hødd. Foto: Per Werkland

Erik Sandal har forlenga ut sesongen 2012, Thomas Lid Kleppe ut sesongen 2013.

- Vi er glade for og godt fornøgde med at Erik og Thomas har signert nye kontrakter, seier dagleg leiar i Hødd, André Nevstad.

Erik Sandal kom til Hødd før 2005-sesongen og er den i dagens A-stall som har vore med lengst, han står i dag med 204 kampar og 67 mål. Thomas Lid Kleppe har gjennomført sin første Hødd-sesong i år, og har etablert seg som Fredrik Klock sin midtstoppar-kollega.

Nevstad listar opp fleire grunnar til at Hødd har vorte ein attraktiv klubb å spele for.

- Vi er i ferd med å bygge opp eit spennande mannskap og ei spennande tropp. Vi har ein god miks av spelarar, og ein god kjemi i gruppa. Når ein då også lukkast sportsleg vert det kjekt å halde på, seier Nevstad som påpeiker at Hødd har eit lag som enno har mange gode år foran seg.