Team Athletics Games er ei lagkonkurranse for 10 til 14 åringar. Dei skal konkurrere i 8 ulike individuelle øvingar pluss tre stafettar. Øvingane det skal konkurrerast i er både tradisjonelle friidrettsøvingar og nokre meir utradisjonelle øvingar. Desse øvingane er med i år: sprint, lengde og tresteg utan tilløp, kule, spyd, frekvenshopp, vertikalhopp og balanse. I tillegg vert det ein sprintstafett, hinderstafett og til slutt ein parstafett. Rundt 30 lag er til no påmelde. Dei aller fleste av desse frå arrangørklubbane Dimna IL og Hareid IL. Med 4 deltakarar på kvart lag så blir det over 100 deltakarar som skal konkurrere i Hareidshallen laurdag. Her blir det med andre ord stor aktivitet utover ettermiddagen. Team Athletic Games vert arrangert på 5 ulike stadar i landet. Gjennom vinteren har utøvarana frå Dimna IL. og Hareid IL møttes i to treningstemner der dei har fått trent og konkurrert i øvingane.