Sport →
Sterke topp-prestasjonar - stor breidde i Sykkylven
Dimna IL sitt innandørs friidrettsstemne i Sykkylvshallen laurdag vart eit stemne med både topp-prestasjonar og breidde. Ni resultat gav over 900 poeng på Tyrvingtabellen. 11 år gamle Karsten Warholm frå Dimna held fram der han tok til i fjor. Med 4,94 i lengde skåra han heile 1081 Tyrving-poeng. 40-meteren på 6,09 gav 1072 poeng.