Slik såg Eskil Ervik-treet ut etter at "Dagmar"-orkanen hadde herja. Men no er treet retta opp - og vil halde fram med å vere det største av skeiseløpartrea ved rulleskeisebana på Hareid.

I romjulsutgåva skreiv Vikebladet Vestposten at Eskil Ervik-grana, som vart planta då den kjende skeiseløparen gjesta den nye rulleskeisebana på Hareid for ein del år sidan, vart skeivslegen av orkanen "Dagmar" natt til 2. juledag.

Men no kan Olav Gjerde i skeisegruppa Verparen opplyse at Ervik-treet er berga ved hjelp av bardunering og litt anna småarbeid rundt rota. - Vi har gjort slikt før, så dette skal gå bra, meiner Gjerde.

Ervik-grana er den største av dei mange granene som har vore planta i austre sving på rulleskeisebana. Dei fleste andre granene vart planta til ære for skeiselandslaget, som hadde sommartreningsleir på Hareid for nokre år sidan.