Dette blei klart i kveld, og Kenneth ser fram til å ta over den talentfulle gjengen. Kven han får med seg i trener-teamet rundt rekruttgruppa er ikkje endeleg klart. Arve Haugland som nyleg signerte ein avtale som fysisk trenar for A-laget, vil også ha eit ansvar inn mot rekruttane. Kenneth har tidlegare vore trenar for Hareid, Herd og AaFK jr. I tillegg er han kretslagstrenar i Sunnmøre Fotballkrets. Dette er ikkje første gong Kenneth er involvert i Hødd, som guttespelar var han med å sikre laget sølv-medalje under Norway-Cup i 1987. Både vi i Hødd og Kenneth sjølv er svært godt fornøgd med at avtalen er signert, melder Hødd på nettsidene sine.