Dei 112 utøvarane var fordelte på tilsaman 28 lag. Av desse kom 12 frå Hareid, 12 frå Dimna og 4 frå Ørsta. I tillegg til utøvarane var meir enn 50 funksjonærar i sving. Med trenarar og skodelystne og fotograferande foreldre på sidelinja i tillegg var det nok både 300 og 400 tilstades medan det stod på. Team Athletics er eit påfunn i regi av friidrettsforbundet. Utøvarar frå 8 til 14 år får prøve seg i øvingar som er tilpassa ein idrettshall. Blant anna blir det kasta "spyd" med ein slags plast-rakett. Kvar enkelt utøvar får registrert resultat i alle øvingane, men det er berre i lagkonkurransen det blir rangering og premiering. Lagkonkurransen gjeld årsklasse 10-14 år. På kvart lag er det fire deltakarar - og det må vere både gutar og jenter på laget. Då resultata vart summert opp viste det seg at vi hadde fått desse lagkonkurransevinnarane: 10 ÅR: Dimna IL 11 ÅR: Hareid IL 12 ÅR: Dimna IL 13/14 ÅR: Hareid IL / Ørsta IL (delt 1.-plass)

Anna Christine Wold Brandal frå Hareid prøver seg i spensthopp opp langs veggen.