Lars Arne Nilsen og Hødd har i dag blitt einige om ein ny 1-års avtale. Lars Arne kom til Hødd før 2008-sesongen då som trenar for rekruttlaget saman med Einar Magne Skeide. Duoen som var sidestilt, tok over A-laget hausten 2008 og var også hovudtrenarar i 2009. Den siste sesongen har Lars Arne vore hovudtrenar åleine. Han har hatt med seg Sindre Eid som assistent-trenar, Ronny Osnes som keepertrenar og Arve Haugland som fysisk trenar.

- Lars Arne og trenar- teamet rundt han har gjort ein meget god jobb, både i 2009 og 2010-sesongen. Det tek tid å bygge eit nytt lag, vi er på god veg, og framleis er utviklingspotensialet stort. At Lars Arne har sagt ja til å utvikle laget vidare, samt bryte nye barrierer med denne gjengen er vi veldig godt fornøgd med seier Sportssjef Andrè Nevstad i Hødd.