Friidretten kursar seg til nye stemne. Oppslutninga er god. Foto: Arve Hatløy

Førebuingane er i full gang med blant anna utdanning og oppgradering av dommarar. Denne veka vart eit dommarkurset avslutta med eksamen på den teoretiske delen. 9 nye dommarar gjennomførte kurset. Åtte frå Dimna IL og ein frå Hareid IL.

Den praktiske delen skal dei igjennom på ulike stemne utover våren og sommaren. I tillegg vart det arrangert repetisjonskurs.

Mange av Dimna IL sine tidlegare utdanna dommarar deltok og fekk ei oppdatering av reglane i den nye handboka. Spesielt vart det sett fokus på ein del regelendringane som har kome det siste året. Dei er dermed klare for nye oppgåver på friidrettsbana utover i sesongen der UM i Molde 3. til 5 september blir den største utfordringa.

Seinare i mai vil Dimna IL også arrangere startarkurs.