* 6 min: Keeper glepp eit frispark og Espen Standal hælarballen forbi keeper.

Hødd dominerte kampen i opningsminutta, og Åsane-spelarane verka litt nervøse. Etter 6 minutt fekk Hødd frispark i innleggsposisjon. Helland slo hardt inn på keeper som først heldt ballen, før han mista balansen og måtte kaste ballen ut for å ikkje ta den med seg inn i eige mål. Espen Standal sprang ut og hæla ballen blindt i mål for Hødd. Ei frekk scoring.

Etter Hødds scoring senka Åsane-spelarane skuldrane og starta å vise tenner.

Lenge var det ganske jamnt både i ballinnehav og sjansemessig. Hødd tok derimot over i slutten av omgangen.

Pål André Helland var ved fleire høve farleg frampå med store sjansar for Hødd, men Knut Løseth gjorde ein betre jobb i desse situasjonane.

Åsane hadde sin største sjanse etter corner, då Øystein Aksnes kom seg frå i feltet. Men headinga hans gjekk rett på Andreas Lie.

Heldt løpet ut

Andre omgang vart ei jamn affære. Åsane jakta utlikning og Hødd ville drepe kampen.

Men med eit lite overtak var det Åsane som var nærast mål i 2. omgang. Hødd hadde eit par store sjansar etter innlegg i tillegg til at Pål André Helland var farleg frampå med nokre skotforsøk.

Åsane tok meir og meir over utover i omgangen og Jesper Tørnqvist og resten av Hødd forsvaret hadde det svært hektisk i sluttminutta på Åsane Idrettspark.

Men ei heading frå kloss hald var det nærmaste 2. divisjonsklubben kom og dei regjerande seriemeisterane kunne juble for avansement foran omlag 80 Hødd-supportarar som hadde teke turen.

Hødd stilte følgjande lag (4-3-3): Andreas Lie - Akeem Latifu, Steffen Moltu, Jesper Tørnqvist, Ruben-Kenneth Brandal - Sivert Heltne Nilsen, Andreas Brune Rekdal, Fredrik Aursnes - Pål André Helland, Espen Standal, Vegard Heltne.